DSB set døra på gløtt for fyrverkeriforbod

Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) opnar for at Noreg forbyr privat bruk av fyrverkeri.

Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) opnar for at Noreg forbyr privat bruk av fyrverkeri.

I mai er politi, helsestyresmakt, pyrobransjen og ei rekke interesseorganisasjonar invitert til innspelskonferanse om privat bruk av fyrverkeri. Her blir dei bedne om å svare på om Noreg bør innføre eit forbod eller ikkje.

- Etter ti år med pinnerakettforbod er det naturleg å gjere opp status, seier avdelingsdirektør Anne Rygh Pedersen i DSB til Bergens Tidende.

Pedersen seier møtet i mai er klarert med Justis- og beredskapsdepartementet. Statssekretær Toril Charlotte Ulleberg Reynolds (Frp) skriv i ein e-post til avisa at dei ikkje vurderer totalforbod, men seier at det er DSBs oppgåve å vurdere korleis regelverket fungerer.

Etter innspelskonferansen vil DSB vurdere om totalforbod skal greiast ut, eller om andre tiltak bør vurderast, heiter det i invitasjonen.

I 15 år har overlege Nils Bull ved Haukeland universitetsstatistikk ført statistikk over augeskadar som følgje av fyrverkeri på avvege.

For ti år sidan kom forbodet mot pinnerakettar som har gitt færre personskadar og mindre materielle skadar. Men talet på augeskadar har ikkje falle like mykje. Framleis er det mellom 10 og 20 augeskadar årleg, viser Nils Bulls innsamla tal.

- Og dette er berre augeskadane. Plastikkirurgar fortel meg om stygge brannskadar. Ortopedane om korleis dei prøver å redde fingrar og hender. Nokreordbok får høyrselen øydelagt. I tillegg kjem dyra som blir skremde og brannane som er utløyste av fyrverkeri, seier han.

(©NPK)

Etter ti år med pinnerakettforbod er det naturleg å gjere opp status, meiner DSB. No kan alt privat fyrverkeri bli forbode. Foto: Jon Olav Nesvold / NTB scanpix