Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
(NPK-NTB): Dundalk hadde håp om å bli det første irske laget i meisterligaen då Robbie Benson gav laget leiinga mot Legia Warszawa. Men det blei med draumen for irane.
npk@npk.no
Publisert: 24.08.2016 kl 11:48
No ventar spel i Europaligaen. Der kan rett nok den irske klubben glede seg over nærmare 60 millionar kroner i overføring frå Uefa.
På stillinga 2– 1 samanlagt til polakkane, fekk Legia Adam Hlousek utvist. Dundalk klarte aldri skåre målet som ville tvinga fram ekstraomgangar.
Spel i meisterligaen ville gje Dundalk utrulege 130 millionar kroner i bonusar frå Det europeiske fotballforbundet.
I staden for utlikning, kunne Michal Kucharczyk knuse dei irske draumane i siste minutt.
Dundalk, som har vunne den irske serien elleve gonger, går inn i Europaligaen som første irske lag sidan Shamrock Rovers i 2011.
Samtidig blei Legia første polske lag på 20 år i gruppespelet i den gjævaste europacupen. (©NPK)