Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
(NPK-NTB-AFP): Rodrigo Duterte har gjort det igjen, og denne gongen er det EU som får ein skyljebøtte frå den filippinske presidenten.
npk@npk.no
Publisert: 21.09.2016 kl 13:53
– Eg seier «fuck you» til dei, dei skal få sone for syndene sine, tora den 71 år gamle presidenten og viste fingeren under eit intervju med fjernsynsstasjonen ABS-CBN.
Utfallet kom som ein reaksjon på at EU-parlamentet fordømte «den noverande bølgja av utanomrettslege avrettingar på Filippinane».
Duterte lovde i valkampen å drepe 100.000 kriminelle, og over 3.000 påståtte kriminelle er drepne sidan han overtok som president i juni.
Duterte har hausta skarp internasjonal kritikk, mellom anna frå FN og USA, som klagar han for å oppmuntre til utanomrettslege avrettingar.
Den filippinske presidenten har slått hardt tilbake og kalla FNs generalsekretær Ban Ki-moon for «ein tosk» og USAs president Barack Obama for «ein horeson».
Pave Frans er også utrop til «horeson» av Duterte, og det same er USAs ambassadør i landet som han også har omtalt som «homo-ambassadør». (©NPK)