Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Sidan september har UDI inngått avtalar om akuttplassar for 1,68 milliardar kroner. No står nesten halvparten av sengene tomme.
npk@npk.no
Publisert: 29.01.2016 kl 07:52
Det viser utrekningar Bergens Tidende har gjort. Ved å gonge døgnpris med talet på plassar og lengda på kontrakten, har avisa komme fram til at prislappen på akuttplassane er 1,68 milliardar kroner.
Fleire av avtalane som vart gjort då behovet for plassar var som størst, er no blitt store utgifter, og Utlendingsdirektoratet (UDI) betalar for mange senger som står tomme.
Blant anna har Lauvås feriesenter på Askøy stått tomt over halve perioden kontrakten gjeld. Plassar på Hotell Victoria i Bergen er leigd for to månader for 5,2 millionar kroner, utan at ein einaste asylsøkjar har budd på hotellet.
Også på dei større mottaka er det mange ledige plassar. Norsk Folkehjelp driv akuttmottak på den gamle lærarskulen på Landås i Hordaland. Der har UDI betalt 700 kroner per person per døgn for 635 plassar for heile 2016, men for tida bur det berre rundt 250 personar på mottaket.
– Vi forventar at vi gradvis vil få fleire bebuarar, ettersom UDI stengjer mindre mottak rundt om i distriktet og konsentrerer asylsøkjarane på dei større asylmottaka, seier fungerande mottaksleiar i Norsk Folkehjelp Åge Jordalen til Bergens Tidende.
I februar blir kontraktar på 2.500 akuttplassar opp over heile landet sagt opp. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.