Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): 48 personar omkom i trafikken i sommarmånadane i år, ti fleire enn same periode i fjor. Hittil i år har 95 menneske mista livet i trafikken, viser førebelse tal frå Statens vegvesen.
npk@npk.no
Publisert: 31.08.2016 kl 15:38
I juni omkom 15 personar (mot ni året før) og 22 personar i juli (mot 15 i 2015). I august har hittil 11 personar mista livet, noko som er tre færre enn same månad i fjor.
– Vi har inga enkel forklaring på utviklinga. Sjølv om tala er ein del høgare enn dei rekordlåge tala på omkomne frå i fjor, er det likevel lågare enn andre føregåande år, seier Guro Ranes i Statens vegvesen i ei pressemelding.
Den førebelse analysen av sommarulukkene viser at menn står for heile auka i talet på omkomne, spesielt dei som er over 45 år. Medan det omkom seks færre kvinner i juni, juli og august enn i fjor, var det 16 fleire menn som omkom.
Rogaland har vore hardast råka i sommar, med sju drepne, medan Vestfold og Nord-Trøndelag er dei einaste fylka som har komme seg gjennom sommaren 2016 utan ei einaste dødsulukke i trafikken.
Gjennom dei åtte første månadane har 95 personar omkomme i trafikken. Dette er 28 fleire enn i 2015, men likevel lågare enn åra før. I 2015 omkom 117 personar på norske vegar, som er det lågaste talet sidan 1947. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.