Annonse

E-sigarett eksploderte – mann fekk augeskade

(NPK-NTB-FNB): Ein ung mann i Finland har fått alvorlege augeskadar etter at e-sigaretten hans eksploderte.

Det oppstod indre blødingar i auga til mannen, og irisen i auga vart også skadd i eksplosjonen. Det er enno uklart om synet hans er permanent skadd.

Det er første gong det blir rapportert om at ein e-sigarett har eksplodert i Finland, men i USA er det rapportert om totalt 25 tilfelle.

I 2012 mista ein mann i Florida fleire tenner, ein bit av tunga og fekk forbrenningar i ansiktet då e-sigaretten hans eksploderte.

Ofte kjem slike eksplosjonar av problem med batteriet i e-sigaretten. (©NPK)