Klargjør siden...

E-tenesta ser for seg eit meir ustabilt Russland

(NPK-NTB): Russland utgjer i dag ingen militær trussel mot Noreg, men moglegheita for innanriks ustabilitet i landet kan på sikt representere ein betydeleg risiko og utfordring, meiner sjefen for E-tenesta.

Generalløytnant Morten Haga Lunde la onsdag fram den opne trusselvurderinga for 2016, og den ferske sjefen for E-tenesta via Russland mykje merksemd.

– Russland viser i dag auka vilje og evne til å bruke eit breitt spekter av verkemiddel for å nå sine politiske mål. Den russiske leiarskapen formidlar i stadig sterkare grad eit antivestleg verdsbilete, sa Lunde.

Lunde beskreiv eit land med veksande stormaktsambisjonar og viste til den russiske annekteringa av Krimhalvøya i 2014 og militæroperasjonane i Syria i fjor.

– Det er eit klart linjeskifte i russisk politikk, sa E-sjefen.

– I fråvær av ein oljeprisoppgang vil fornya vekst krevje djuptgripande reformer, men leiarskapen synest ikkje å ha politisk vilje til å gjennomføre slike endringar, sa Lunde. (©NPK)

Annonse