Klargjør siden...

E16 ved Stalheim opnar ikkje måndag

(NPK-NTB): E16 blir ikkje opna måndag etter at det har gått eit steinras mellom Stalheimtunnelen og Sivletunnelen i Voss kommune i Hordaland.

Ein stein på størrelse med ein bil sperrar vegen. Det er omkøyring for personbilar via Stalheimskleiva.

– Vegen blir ikkje opna i dag på grunn av oppryddingsarbeid. Fjellsida må reinskast. Ny vurdering tysdag, melder Statens vegvesen måndag formiddag.

Det var seint søndag kveld det gjekk eit ras på vegen mellom tunnelane, og ein stor stein blei liggjande i det eine køyrefeltet. Vegdekket er også skadd, og det vil truleg ta tid å få opna vegen etter at steinen er fjerna.

Den siste veka har det gått fleire ras på Vestlandet. Laurdag blei E39 stengt av ras mellom Vadheim og Sande i Sogn og Fjordane, og også Stavenes, Modalen og Åkrafjorden har vore råka av ras. (©NPK)

Annonse