Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Speleleverandøren EA Sports trur Lionel Messi blir toppskårar i VM-sluttspelet i Qatar. Argentina blir peika ut som ein kommande verdsmeister.
Publisert: 09.11.2022 kl 07:55
EA Sports har komme med spådommen sin framfor ei rekkje meisterskap. Dei har faktisk treft spikaren på hovudet i dei tre tidlegare verdsmeisterskapane, skriv ESPN.
Spania vann VM i 2010, Tyskland i 2014 og Frankrike i 2018. Alle spådde rett av speleleverandøren, som opplyser at dei bruker Fifa 23-spelet til å spå årets turnering.
EA har også publisert ein grafikk av det dei trur eit Argentinas veg til VM-suksess etter gruppespelet: 2-1-siger over Danmark, 1–0 over Nederland, 1–0 over Frankrike og 1–0 over Brasil i finalen.
Spelegiganten trur også at Cristiano Ronaldo og Portugal ryk ut på straffer i semifinalen mot Brasil.
Messi har kunngjort at Qatar-sluttspelet blir hans siste verdsmeisterskapar i fotball. Den vesle magikaren har aldri vunne VM, men var nære i 0-1-tapet for Tyskland i 2014-finalen.
VM blir sparka i gang 20. november. Argentina opnar mot Saudi-Arabia to dagar seinare i gruppe C. Mexico og Polen er resten av laga i puljen.
(©NPK)
EA Sports spår at Lionel Messis Argentina vinn fotball-VM i Qatar. Foto: Franklin Jacome / AP / NTB.