Eckhoff og Tandrevold skaut bort to medaljesjansar: – Dobbelt så skuffande

Med 59.- og 57.-plass på VM-sprinten i Anterselva, øydela Tiril Eckhoff og Ingrid Landmark Tandrevold òg for jaktstarten på søndag.

Det betyr at to reelle medaljemoglegheiter vart avvist på standplass på Den første individuelle distansen i VM.

Eckhoff bomma seks gonger, fire av dei på ståande skyting, og vart nummer 59. Tandrevold opna løpet bra med fullt hus på liggande skyting, men fire bom på ståande øydela løpet òg for henne.

– Det er kjedeleg å gjere det dårleg på ein sprint, for då er jaktstarten òg øydelagt. Det gjer jo at det blir dobbelt så skuffande, sa Tandrevold.

Eckhoff sa at ho enno ikkje har tatt stilling til om ho i det heile skal gå jaktstarten. Ho fekk spørsmål om ho kunne tenke seg å droppe ho for å stille betre rusta til seinare VM-konkurransar.

– Eg må sjå det an. Eg må tenke på kva som skjer framover og gjere så godt eg kan, sa ein openbert skuffa Eckhoff, som har 2.08 minutt å ta igjen på vinnaren på fredag Marte Olsbu Røiseland.

Surt

Ho gjekk ein særs god etappe for laget som tok gull på blanda stafett torsdag. Dermed veit ho at forma ikkje er heilt borte.

– Eg hadde ein kjempedag i går, og så må eg berre prøve igjen. Det var ikkje slik eg ville starte, men «shit happens», sa Fossum-løparen.

Lagvenninna Tandrevold seier ho vil bruke jaktstarten til å finne igjen godfølelsen på skytebanen.

– Ja, særleg på ståande. Eg får finne ei god kjensle der og så bygge meg opp mot normaldistansen.

– Var det krevjande skyteforhold i dag?

– Det var litt vind på ståande, men ikkje nok til at eg skulle få fire bom. Då var det i så fall mest vind mellom øyra, sa ho galgenhumoristisk etter sin 57.-plass.

Tandrevold enda 2.01,1 bak Olsbu Røiseland.

(©NPK)

Tiril Eckhoff fekk det ikkje til å stemme på skytebanen under VM-sprinten i Anterselva. Foto: Matthias Schrader / AP / NTB scanpix

Ingrid Landmark Tandrevold fekk ein vond start på VM i Anterselva.
Foto: Berit Roald / NTB scanpix