Klargjør siden...

Eckhoff tek pause frå trening og konkurranse: – Har ikkje hatt det heilt bra

Skiskyttarstjerna Tiril Eckhoff kjem ikkje til rennstart den kommande tida. Ho kan heller ikkje trene som normalt.

Det er Norges Skiskytterforbund som opplyser om avgjerda som er teken rundt ein av Noregs fremste skiskyttarar.

I meldinga heiter det at Eckhoff har gått gjennom ein utfordrande periode i det siste. Forbundet skriv vidare at 32-åringen ikkje har «hatt det heilt bra». Ho kan derfor ikkje delta på verken treningar eller konkurransar den næraste tida.

– Kva tid ho er tilbake, veit vi ikkje akkurat no. Ho får god oppfølging og all den hjelpa ho kan få. Vi håpar sjølvsagt at Tiril kjenner seg betre snart, seier landslagslege Aasne Fenne Hoksrud.

(©NPK)

Tiril Eckhoff må ta ein pause. Foto: Terje Bendiksby / NTB

Annonse