Egeland: Syriske fangar fryktar å bli massakrerte

(NTB): Hundrevis av politiske fangar i Syria gjer opprør i frykt for å bli massakrerte, og skal ha teke fleire fengselsbetjentar som gislar, opplyser Jan Egeland til NTB.

Innsette i Hama fengsel i Syria skal dei siste dagane ha gjort opprør som følgje av at fleire fangar skulle overførast til eit militært anlegg i Sednaya utanfor Damaskus, truleg for å bli avretta, ifølgje Jan Egeland. Han er FNs spesialrådgjevar for mekling mellom partane i Syria når det gjeld vern av sivile og humanitær hjelp.

– Store militære styrkar skal ha omringa fengselet og fangane ringjer ut og seier dei fryktar å bli massakrerte. Det skal berre vere eit spørsmål om tid, seier Egeland.

Dei innsette skal òg ha teke fengselsdirektøren og fleire fengselsbetjentar som gislar.

– Vi jobbar for at ein tredje part, som FN eller Raudekrossen, skal kunne forhandle mellom dei innsette og styresmaktene, og unngå eit blodbad som vil gå utover hundrevis av fangar og fleire tryggingsvaktar, seier Egeland.

Ifølgje den britiske avisa The Independent skal det vere snakk om rundt 800 fangar som har gjort opprør. 30 av dei skal ha fått lov til å forlate fengselet under oppsyn av Raude Halvmåne, men organisasjonen håper at i alle fall 200 til skal få sleppe ut. (©NPK)

Annonse