Klargjør siden...

Egenæs avviser kritikk mot Amnesty: – Ukraina bruker ein strategi som set sivile i fare

Amnesty-topp John Peder Egenæs seier at rapporten om Ukrainas bruk av sivil infrastruktur i krigen er godt fundert og held ein høg standard.

– Ein sentral motivasjon for å offentleggjere denne rapporten er at vi over tid har sett at det har utvikla seg eit urovekkjande mønster, der ukrainske styrkar bruker ein krigsstrategi som set sivile liv i fare, seier Egenæs til NTB.

Rapporten har fått kritikk, både frå Ukraina og frå vestlege samfunnsdebattantar og medium. Han hevdar at Ukraina tek i bruk sivil infrastruktur som skular og sjukehus til militære formål, noko som har ført til at dei har vorte angripne og sivile har vorte ramma.

Ukraina har rasa mot rapporten, og leiaren for Amnesty i Ukraina har trekt seg. Den britiske avisa The Sunday Times skriv i ein leiarartikkel at ingenting kan redde Amnestys rykte etter denne rapporten.

«Absurd» og «makkverk»

Oberstløytnant Palle Ydstebø ved stabsskolen sa til TV 2 i helga at ukrainske styrkar i mange tilfelle er avhengige av å etablere seg tett på landsbyar og byar for å forsvare desse mot russiske angrep.

– Ein del av momenta i rapporten er absurde, sa Ydstebø til TV 2.

Han meiner samtidig at det er hald i store delar av rapporten. Men han er bekymra for at han kan utnyttast av russiske medium og føre til eit skifte i vestleg opinion.

Høgre-politikar Peter Frølich, som leier kontroll- og konstitusjonskomiteen på Stortinget, seier til Nettavisen at heile saka er heilt ko-ko.

– Regimet i Russland er nok fornøgde. Dei vil halde fram som før, men kan skyve dette makkverket av ein rapport framfor seg, seier Frølich.

– Dette er eit klassisk døme på falsk balanse. Russland bryt alle tenkjelege reglar, og Ukraina er tvinga til å verne seg sjølv. Dei må slåst og døy for å verne innbyggjarane sine, anten kampane skjer i byar, landsbyar, skogar, åsar eller sletter, seier Frølich.

Avviser kritikken

Egenæs, som er generalsekretær i Amnesty International Noreg avviser kritikken.

– Amnesty får frå tid til annan kritikk for rapportane våre frå ulike aktørar. Det som er utgangspunktet vårt, er at vi har eit eige team med spesialiserte, erfarne og uavhengige etterforskarar som dokumenterer menneskerettsbrot i konfliktsoner over heile verda, seier han.

– Dei har brukt same høge standardar for etterforsking og dokumentasjon av fakta som i krig og konflikt i andre land og regionar, inkludert i samband med rapportane våre om russiske krigsbrotsverk i Ukraina, seier Egenæs.

Han seier at Amnesty har lagt fram dokumentasjon på at Ukraina i nokre tilfelle har plassert militære styrkar og våpen i sivile område utan å gjere noko eller nok for å evakuere sivile.

– Denne krigsstrategien utgjer ein fare for sivile i Ukraina og er ikkje lov i samsvar med internasjonal humanitærrett. Ukrainske styrkar har i krigen som går føre seg ei forplikting til å gjere sitt ytste for å verne sivile liv og sivile mål, seier Egenæs.

– Same standardar som elles

– Er du redd for at Amnestys rykte skal bli ramma på lang sikt av denne kritikken?

– Dette etterforskingsarbeidet har gått gjennom akkurat same kvalitetssikringsarbeid som dei rapportane der vi kritiserer russiske styrkar for krigsbrotsverk. Det er også same kvalitetsstandardar som blir brukte i konfliktsoner andre stader på kloden, seier Egenæs.

– Amnesty har så lenge vi har eksistert fått kritikk av ulik grad for rapportane våre. Utover dette er det avgrensa kva vi kan gjere rundt korleis vi blir oppfatta. Det vi må vere tru mot, er at våre eigne etterforskingsmetodar held mål. Det er vi trygge på i dette tilfellet, seier generalsekretæren.

Fleire, blant dei Ydstebø, har åtvara mot at rapporten kan bli brukt av Russland i propaganda eller som legitimering av angrep på sivile mål.

– Grundig etterforsking

Egenæs seier at det er utviklinga dei har sett over tid, som gjer at dei går ut med rapporten no, midt i krigen.

– Derfor sette vi i gang ei grundig etterforsking som resulterte i ein rapport der Amnesty dokumenterer at ukrainsk krigstaktikk tidvis er i strid med internasjonal humanitær rett, seier Egenæs.

Han seier at det er Amnestys mandat som uavhengig og upartisk menneskerettsorganisasjon, å dokumentere brot på menneskerettar og den humanitære folkeretten.

– I motsetning til korleis enkelte har tolka det, unnskyldar ikkje Amnesty russiske styrkars angrep på sivile og på sivile mål som har skadd og drepe tusenvis av menneske, seier han.

(©NPK)

Generalsekretær Jon Peder Egenæs i Amnesty International Noreg forsvarer rapporten som skuldar ukrainske styrkar for å setje sivile liv i fare. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

Ein ukrainsk soldat i utkanten av Slavjansk 5. august. Foto: David Goldman / AP / NTB

Eit utbomba hus i Slavjansk, ein av mange ukrainske byar som har vore utsette for omfattande rakett- og granatangrep frå russiske styrkar, mange av dei retta direkte mot sivile nabolag. Foto: David Goldman / AP / NTB

Ukrainas president Volodymyr Zelenskyj har rast mot Amnesty-rapporten. Foto: Efrem Lukatsky / AP / NTB

Annonse