Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Eplemost- og siderprodusenten Egge gard i Viken er slått konkurs av Skatteetaten eit halvt år etter det vart opna for rekonstruksjonsforhandlingar.
uvakt@ntb.no/kari.hamre@npk.no
Publisert: 16.08.2022 kl 07:26
Måndag vart det opna konkurs i Egge gard AS ved Buskerud tingrett, viser ei rettsavgjerd frå Brønnøysundregistera. Det er Skatteetaten som har slått selskapet konkurs, skriv E24.
Selskapet har eit krav frå Skatteetaten på 627.000 kroner, opplyser bustyrar Nils Holger Koefoed.
Garden i Lier i Viken er kjend for mellom anna eplemost, sider og jordbærproduksjon. Selskapet har også produsert eplebrennevin og vin.
– Vi sleit veldig i koronatida, og mista 20 millionar i omsetning, seier dagleg leiar Marius Egge til E24.
Det er driftsselskapet Egge Gård som er slått konkurs. Garden, som har vore i familien sidan 1702, blir ikkje omfatta av konkursen.
Selskapet starta i januar ein prosess med å inngå rekonstruksjonsforhandlingar, som er ei form for konkursvern innført i samband med pandemien. Berre to veker etter at forhandlingane om rekonstruksjon starta no i sommar, har altså Skatteetaten kravd selskapet konkurs.
– Det er skuffande at det ikkje vart noka akkordløysing. Det er vanlege kreditorar som taper på dette. Banken har panten sin i garden og vil truleg ikkje tape noko. Det som er ekstra synd er at eplepressinga startar no. Dette er viktig for ei rekkje eplebønder i Lier, seier advokat Svein Duesund til Lierposten.
(©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.