Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Egypts fotballforbund har sendt ei klage til Fifa der det skuldar Senegal for rasisme og angrep på lagbussen før oppgjeret som sende egyptarane ut av VM.
stian.johnsen@ntb.no/hege.grov@npk.no
Publisert: 30.03.2022 kl 12:32
I tillegg skal egyptiske spelarar ha vorte trefte av gjenstandar frå publikum under oppvarminga til kampen, ifølgje Sky Sports.
Senegal hadde god kontroll på kampen sjølv om han måtte avgjerast i straffesparkkonkurranse. Der gjekk dei, som dei gjorde i finalen i afrikameisterskapen i februar, sigrande ut.
Det skjedde likevel ikkje utan kontroversar. Undervegs i oppgjeret kunne ein sjå fleire laserpennar peike i auga på Egypt-spelarane, og straffesparkkonkurransen var ingen unntak. Liverpool-stjerna Mohamed Salah bomma på straffa si etter å ha vorte peika i auga med laser.
Det blir likevel ikkje nemnt i klaga til Egypt. Ifølgje forbundet var det fleire rasistiske banner på tribunane i kampen, i tillegg til at lagbussen vart angripen før kamp, og eit vindauge skal ha vorte knust av ein stein.
Det vart kasta flasker og steinar frå tribunen under oppvarminga. Kampen var den første som vart spelt på Senegals nye toppanlegg i Dakar. Det husar 50.000 personar og var truleg fullsett tysdag.
(©NPK)
Mohamed Salah etter å ha bomma på sin straffe mot Senegal. Foto: Stefan Kleinowitz / AP / NTB
Artikkelen fortsetter etter annonsen.