Eiffeltårnet stengt på grunn av streik

(NPK-NTB-DPA): Eiffeltårnet lukka tysdag dørene som følgje av ein landsomfattande generalstreik i protest mot den føreslegne arbeidslivsreforma til regjeringa.

Kvelden før lyste Eiffeltårnet i alle regnbogefargar for å markera solidaritet med offera for massakren på ein utestad for homofile i Orlando i USA.

Tysdag var det streiken som sette sitt preg på det som blir rekna som ein av dei fremste turistattraksjonane i Frankrike.

Den førte også til stopp i store deler av kollektivtransporten, medan titusenvis var venta å delta i demonstrasjonar over heile landet.

Frankrike har i månadsvis vore prega av streikar og protestaksjonar som følgje av dei sterke reaksjonane til fagrørsla på at sosialistregjeringa i landet har føreslege å lempa på ei rekkje reglar i arbeidsmiljølova. Mellom anna skal det bli lettare å sparka tilsette, i tillegg til å tilpassa arbeidstid, feriar og permisjonar etter behova til arbeidsgjevarane. (©NPK)