Eikeland-skåring då Chelsea slapp med skrekken

Readings Amalie Eikeland (27) skåra sitt første mål for sesongen, men klarte ikkje å forhindre 2-3-tap mot serieleiar Chelsea i den engelske toppdivisjonen søndag.

Fran Kirby sende serieleiar Chelsea i føringa etter eit kvarter. Jelena Cankovic skåra to mål på fem minutt då kampen hadde runda halvtimen. Då såg sigeren ut til å bli komfortabel for Chelsea, men to mål på to minutt skapte spenning i kampen.

Sanne Troelsgaard reduserte etter ein times spel. Like etter sklei Eikeland inn 2–3 i snøvêret i London. Reading jakta ei tredje skåring, men Chelsea fekk etter kvart meir kontroll og tok den niande sigeren for sesongen.

Reading ligg på 10.-plass av tolv lag med berre sju poeng på ti kampar. Guro Reiten spelte dei ti siste minutta for Chelsea.

Tidlegare søndag vann Frida Maanums Arsenal 4–1 over Aston Villa. Maanum spelte heile kampen for London-laget. Det er tre poeng opp til Chelsea på tabelltopp, som har éin kamp mindre spelt.

Manchester City og Manchester United spelte også søndag. Verken Citys Julie Blakstad eller Vilde Bøe Risa og Maria Thorisdottir i United fekk speletid i kampen som enda 1–1.

Celin Bizet Ildhusøy spelte 77 minutt for Tottenham, som tapte 0–2 for West Ham. Thea Kyvåg fekk ni minutt på banen for West Ham.

(©NPK)

Amalie Eikeland, her i spel for Noreg mot England tidlegare i haust, scora mot Chelsea.
Foto: Rodrigo Freitas / NTB