Annonse

Eikeri klar for kvartfinale i Tsjekkia

Tennisspelar Ulrikke Eikeri slo tsjekkiske Nikola Tomanova 2-6, 6-2, 6-1 torsdag og er klar for kvartfinale i ei 25.000-dollarturnering i Tsjekkia.

26 år gamle Eikeri tapte det første settet klart, men snudde på flisa og vann dei to neste med god margin. Etter to timar sende ho Tomanova ut av turneringa, samtidig som ho gjekk vidare til kvartfinale.

Der møter ho tsjekkiske Anastasia Detuic.

Eikeri har vist god form i det siste. I den pågåande turneringa i Tsjekkia vann ho den første kampen komfortabelt 6-2, 6-4 mot Amina Anshba frå Russland. Sist veke vart ho nummer to i ein 100.000-dollarturnering.

(©NPK)

Ulrikke Eikeri gjer det bra i Tsjekkia. Foto: Vegard Wivestad Grøtt / NTB scanpix