Klargjør siden...

Ein av fem ungdommar blir utsett for vald av foreldre

(NPK-NTB): Ein av fem norske ungdommar seier dei har blitt utsette for fysisk vald frå minst éin av foreldra i oppveksten, ifølgje ein ny rapport frå NOVA.

Mens 21 prosent seier dei har blitt utsette for vald, er delen som seier dei har blitt utsette for grov vald, som slag med knyttneve, 6 prosent, skriv Aftenposten.

Eit utval av 18- og 19-åringar har delteke i undersøkinga.

I ei tilsvarande undersøking frå 2007 svarte 25 prosent at dei hadde vorte utsette for vald, mens delen var den same som i dag for grov vald.

– Det er svært gledeleg at den milde valden er gått ned. Auka kunnskap, haldningskampanjar og foreldre sjølv skal ha æra for det, seier professor Svein Mossinge ved Universitetet i Oslo.

Nedgangen kjem først og fremst av mindre mild vald frå mødrer, ifølgje rapporten. Likevel er det fleire som har opplevd vald frå mor (20 prosent) enn frå far (14 prosent). Ifølgje Mossinge kan dette kome av at mødrer oftare har ansvar for den daglege omsorga av barna.

Det er få endringar i delen ungdom som har opplevd å bli vitne til vald mellom foreldra, og som har blitt utsett for seksuell vald utanfor familien. (©NPK)

Annonse