Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Ein av tre nordmenn trur pandemien i Noreg er over det næraste halvåret. Resten er ikkje fullt så optimistiske.
vaktsjef@ntb.no/hallvard.ostrem@npk.no
Publisert: 10.06.2021 kl 20:20
Over 34.000 nordmenn har svart på spørsmål om dette i undersøkinga Norsk koronamonitor, som Opinion står bak.
No trur 34 prosent at koronautbrotet i Noreg vil vare i opptil eit halvt år til, medan 38 prosent seier opptil eitt år, og 17 prosent seier opptil to år. Dei mest pessimistiske, 10 prosent, trur det tek endå lengre tid.
Andelen som trur at det heile er over innan eit halvt år, har auka med 13 prosentpoeng sidan mai og er no på sitt klart høgaste på meir enn eitt år.
(©NPK)
Ein av tre spurde trur at koronapandemien i Noreg er over før dette året er omme. Foto: Terje Bendiksby / NTB / NPK