Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
(NPK-NTB-TT): En person vart drepen då ein maskert gjerningsmann med sverd angreip ein barneskule i Trollhättan i Sverige. Minst fire andre vart skadde i angrepet.
npk@npk.no
Publisert: 22.10.2015 kl 11:00
Sist oppdatert: 22.10.2015 kl 12:13
Kommunikasjonssjef Niklas Claesson ved Norra Älvsborgs Länssjukhus (NÄL) seier han ikkje har informasjon om den døde var elev ved skulen.
Politiet gjennomsøkjer skulebygningen etter fleire moglege offer.
– Vi kan ikkje binde oss til eit tall utan å forsikre oss om at det ikkje finst ytterlegare skadde, seier pressevakt Tommy Nyman i politiet i Västra Götaland til TT.
Sjukehuset opplyste først til Dagens Nyheter at gjerningsmannen var død, men opplysninga vart så trekt tilbake.
– Gjerningsmannen er skoten og er på sjukehuset. Han er alvorleg skadd og blir operert no, seier Claesson til nyheitsbyrået TT.
Fleire hundre menneske var ved hovudgata som går gjennom bydelen Kronogården. Folk gret og prøvde å springe inn bak sperringane, så politi og vakter hadde hendene fulle, seier fotograf Stefan Bennhage i lokalavisa TTELA.
Han kom til åstaden ein dryg halvtime etter hendinga og fortel at mange ambulansar og politibilar då allereie var på plass.
– Ein ambulanse klarte ikkje å bremse og køyrde rett inn i skuleveggen, seier Bennhage.
Kommunen har oppretta eit kriseteam på sju personar som skal hjelpe vaksne og barn på skulen etter hendinga.
Det går rundt 400 elevar frå første til niende trinn på skulen. Det er også eit kombinert skule- og folkebibliotek og kulturhus i skulebygget. (©NPK)