Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Regjeringa øyremerker éin milliard kroner til havforsking og arrangerer topptung havkonferanse i Bergen måndag.
npk@npk.no
Publisert: 30.05.2016 kl 08:56
Sist oppdatert: 30.05.2016 kl 10:35
Både statsminister Erna Solberg, næringsminister Monica Mæland (H) og fiskeriminister Per Sandberg (Frp) møter toppleiarane i næringslivet, akademia og organisasjonar for å diskutere meir samhandling mellom havbaserte næringar som fiskeri, oppdrett, petroleumsindustri og skipsfart.
Regjeringa har tidlegare varsla at dei vil legge fram ein ny havstrategi våren 2017.
Til saman er 1 milliard kroner øyremerkt i år gjennom programma til forskingsrådet for marine og maritime næringar og olje og gass.
– Havnæringa har eit stort potensial. Med denne satsinga på forsking legg vi til rette for å utvikle nye arbeidsplassar, seier næringsminister Monica Mæland (H) i ei pressemelding.
– Dette er ikkje ei prioritering av havet, snarare tvert imot. Pengane skal også gå til forsking på olje og gass, næringar som skadar klimaet og set havmiljøet i fare. Å seie at ein satsar på havet er ei dryg tåkelegging, seier Anna Olerud, sentralstyremedlem i Natur og Ungdom.
– Noreg har verdsleiande selskap, vi har leiande forskingsmiljø og vi har store havområde med rike biologiske ressursar. Noreg har dei beste føresetnader for å legge til rette for vekst i havnæringane, seier fiskeriminister Per Sandberg (Frp). (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.