Ein person omkom i brann i Hedmark

(NPK-NTB): Til saman ni personar vart evakuerte då det brann i eit hus med fleire leilegheiter i Moelv i Hedmark torsdag morgon. Ein person er bekrefta død i brannen.

Politiets innsatsleiar Christian Gjelten bekreftar overfor Hamar Arbeiderblad at den sakna personen er funnen omkommen i brannruinane.

Hybelhuset er nedbrent, og berre eit par piper stod att etter brannen. Desse vart rivne torsdag ettermiddag slik at krimteknikarar kunne undersøkje brannstaden.

Det var forbipasserande som oppdaga brannen i Ringsvegen ved Vea i Moelv, og varsla politiet klokka 5. Dei evakuerte er uskadde og innkvarterte på ein sjukeheim i Moelv. (©NPK)

Annonse