Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Ein person er omkommen i ei arbeidsulykke ved Statnetts anlegg ved Nedre Røssåga kraftstasjon i Hemnes i Nordland.
npk@npk.no
Publisert: 02.05.2016 kl 17:56
– Politiet på Helgeland fekk like før klokka 15 melding om ei arbeidsulykke, og rundt i 16-tida fekk politiet melding om at ein person var død som følgje av dette, opplyser politiinspektør Linda Rømma i Nordland politidistrikt til NRK.
Ifølgje Statnett skjedde ulykka i samband med bruk av linjevogn på kraftleidningen. Alt arbeid med bruk av linjevogner i alle Statnetts prosjekt og i drifta av kraftleidningar er mellombels stoppa grunna ulykka, skriv Statnett på sine sider.
– Vi har fått det sørgelege bodskapen om at ein tilsett hos ein av våre underentreprenørar har omkomme, seier konserndirektør Elisabeth Vardheim i Statnett.
Politi er på staden og Arbeidstilsynet er varsla. Statnett vil assistere etterforskinga, i tillegg til å gjennomføre eiga gransking.
Dette er den andre ulykka på få veker der ein person mister livet i samband med arbeid for Statnett.
Fredag 15. april døydde ein 32 år gammal mann då han fall opptil 35 meter frå ei høgspentmast mellom Tonstad og Feda i Vest-Agder. Mannen var frå Kroatia og jobba for det kroatiske selskapet Dalekovod som utfører arbeid på leidningsnettet til Statnett. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.