Ein tredel av Møre og Romsdal har folkeavstemming

(NPK-NTB): Torsdag går innbyggjarane i 13 av dei 36 kommunane i Møre og Romsdal til urnene for å stemme over samanslåing.

Det skal haldast avstemmingar i Giske, Haram, Hareid, Herøy, Norddal, Sande, Skodje, Stordal, Sula, Ulstein, Volda, Ørskog og Ørsta. I ein del av kommunane har innbyggjarane valet mellom fleire alternativ for moglege nye kommunale konstellasjonar.

Denne veka er det avstemmingar i heile 54 kommunar. Så langt har det vore 53 rådgjevande avstemmingar, men valdeltakinga har vore varierande. Til no i 2016 har i gjennomsnitt 49 prosent av innbyggjarane nytta seg av stemmeretten. På botnen ligg Stord med 18,7 prosent, mens Jølster toppar lista med 73,3 prosent.

– Snittet ved kommune- og fylkestingsvalet i 2015 var på 60 prosent, så det er tydeleg lågare enn det, uttalte kommunikasjonssjef Dan-Erik Aggvin i Distriktssenteret til NTB nyleg.

Kommunereforma og reduksjon av talet på kommunar i Noreg har vore svært viktig for regjeringa. Det er blitt lansert fleire verkemiddel for å freiste kommunar til frivillig samanslåing før fristen 30. juni. I revidert nasjonalbudsjett er Høgre, Frp, Venstre og KrF samde om å auke tilskotet frå 50 til 150 millionar til veg og IKT til kommunar som slår seg saman. (©NPK)