Annonse
Annonse
Annonse

Eit godt budsjett kan bli betre, seier Hareide

(NPK-NTB): Regjeringa har lytta betre til samarbeidspartia enn for eitt år sidan. Men eit godt budsjettforslag kan bli betre, seier KrF-leiar Knut Arild Hareide.

Annonse

– Det budsjettforslaget som kom i september, var ein god del betre enn det som kom i fjor. Honnør til regjeringa for evne til å lytte til KrF og Venstre. Men eit ganske godt budsjett kan bli endå betre, sa Hareide då han opna KrFs landsstyremøte fredag formiddag.

I tillegg til flyktningkrisa og kampen for å unngå kutt i bistandsbudsjettet, peikte Hareide på desse hovudsatsingsområda for KrF i forhandlingane:

Kampen mot arbeidsløysa, alt av skattekutt på selskapsskatt (ingen på formue), distriktsprofil, auka lærlingetilskot, fleire lærarar i småskulen og meir pengar til minstepensjonistane.

– Meir til gifte og sambuande pensjonistar handlar om rettferd, minstepensjonistar handlar om sosial rettferd, sa han. (©NPK)