Klargjør siden...

Ekslærar dømt til forvaring for overgrep

(NPK-NTB): Gjøvik tingrett har dømt ein overgrepstiltalt ekslærar til forvaring i 12 år og forbyr han å jobbe som lærar eller delta i barne- og ungdomsaktivitetar på ubestemt tid.

Mannen vart frikjend på to punkt, men dømt på dei andre 223 punkta i tiltalen. I alt var det 108 fornærma – dei aller fleste av dei jenter frå 9 til 15 år. Dei aller fleste av forholda er overgrep gjort gjennom nettbaserte snakkekanalar, der mannen har fått jenter ned i niårsalderen til å utføre til dels grove seksuelle handlingar.

I tillegg har mannen gjort seg skuldig i fysiske overgrep mot tre jenter i tenåra.

– Tiltalte har utsett eit stort tal barn for nedverdigande seksuelle opplevingar. Mange av dei ramma er påført betydelege psykiske skadar som har hemma livskvaliteten deira i stor grad, går det fram av dommen frå Gjøvik tingrett.

Saka er truleg ein av dei mest omfattande overgrepstiltalane som er behandla i ein norsk domstol. (©NPK)

Annonse