Annonse

Ekspertar: Oljeprisen vil aldri meir bli rekordhøg

(NPK-NTB-Reuters): Det er etterspørselen etter olje som nærmar seg toppen, ikkje tilbodet. Derfor er det ingen grunn til å forvente ein oljepris på over 100 dollar fatet igjen, trur ekspertar.

Auka bruk av alternative og reinare energikjelder er ei av årsakene til at det framfor alt er etterspørselen som kjem til å falle. Ein anna årsak er mindre etterspørsel i industrilanda.

Oljeanalytikaren Ian Taylor trur at etterspørselen etter olje vil nå toppen i 2030, og ettersom tilbodet har auka, bør ein ikkje vente nokon ny prisrekord.

Taylor var blant dei som i 1985 spådde at oljeprisen ville stige til 125 dollar fatet fram mot 2015, det vil seie at prisen ville femdoblast, som følgje av at oljereservane ville minke. No seier han at det er lite sannsynleg at prisen når dette nivået igjen.

– Eg trur at vi kanskje aldri kjem til å oppleve ein pris på 100 dollar fatet igjen, seier Taylor, som er toppsjef i Vitol, det største selskapet i verda innan handel med råolje.

I dag ligg oljeprisen på 50 dollar fatet. Prisen er meir enn halvert sidan juni 2014. Prisfallet har komme samtidig som utvinninga av skiferolje har skote fart i USA, og ein har begynt å vinne ut store oljereservar utanfor kysten av Brasil, og i afrikanske og asiatiske land. (©NPK)

Annonse