Annonse
Annonse
Annonse

Ekstremvêret Tor set vindrekordar

(NPK-NTB): På Kråkenes fyr i Sogn og Fjordane er det registrert middelvind på 48,9 meter i sekundet, noko som er ny målingsrekord, ifølgje Meteorologisk institutt.

Annonse

– Dette er ein av dei største målingane vi har hatt. Vi har ikkje målt verdiar opp i 47 meter i sekundet tidlegare, seier statsmeteorolog Bente Marie Wahl ved Meteorologisk institutt til NRK.

Stasjonen på Kråkenes ligg ytst på Vågøy, vel to mil frå Måløy.

– No var ikkje Kråkenes stasjon der under nyttårsorkanen i 1992, men under Dagmar målte stasjonen 45,6. Det er ingen tvil om at det er mykje vind no, seier Wahl. Ho legg til at det er ikkje over enno.

– No er det kraftigast nord i Sogn og Fjordane og på Sunnmøre, men utover kvelden er det Trøndelag sin tur, og utover natta flyttar det seg til Nordland.

Etter Kråkenes er det Trolledalsegga i Sogn og Fjordane og Svinøy fyr i Møre og Romsdal som har hatt dei høgste vindmålingane klokka 19 fredag kveld.

Meteorologisk institutt har mista begge radarane på Nord-Vestlandet på grunn av Tors herjingar. Desse radarane låg på Stad og Ørlandet, og det vil dermed ikkje komme fleire målingar frå dei under ekstremvêret. (©NPK)