Annonse

Ikkje alle bomselskap gir automatisk rabatt til elbilar

Nokre stader i landet blir elbilar utan bombrikke automatisk fakturert full pris. Deretter må eigar søke bomselskapet om å få tilbake pengane dei har til gode.

Dette gjeld ikkje Fjellinjens bomstasjonar som står for mesteparten av bompengeinnkrevinga i Oslo og Akershus. For bilar utan bombrikke blir skiltnummeret lese, bruk av drivstoff blir sjekka mot motorvognregisteret og ein får automatisk elbilpris.

- Slik har det vore hos oss sidan 2017, seier kommunikasjonssjef Håkon Nordahl i Fjellinjen.

Det er Noregs Automobil-Forbund (NAF) som reagerer på at enkelte bomselskap ikkje automatisk sjekkar om bilar utan brikke er elbilar.

- Mange trur nok at bomstasjonen kjenner igjen ein elbil via nummerskiltet, men slik er det ikkje, seier kommunikasjonssjef Camilla Ryste i NAF i ei pressemelding.

Blir du fakturert full pris må du søke bomselskapet i ettertid om å få tilbake rabatten. NAF meiner dette er lite effektivt.

- Vi meiner bompengar som system er mode for skraphaugen, seier Ryste.

(©NPK)