Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
(NPK-NTB): Risikoen for å døy eller bli alvorleg skadd i trafikkulykker aukar kraftig jo eldre bilen er, viser ei undersøking frå Statens vegvesen.
npk@npk.no
Publisert: 05.11.2015 kl 16:14
Gjennomgangen viser at ein 2013-modell er 2,5 gonger tryggare enn ein 1985-modell. I Noreg er meir enn 1,1 million bilar meir enn ti år gamle. 560.000 bilar er eldre enn 15 år.
Vegvesenet har i undersøkinga granska alle dødsulykkene på norske vegar sidan 2005. I tillegg har dei sett på samanhengen mellom alderen på bilen og kor mange som døydde eller vart alvorleg skadde i ulykker mellom 2003 og 2013 i Østfold, Oslo, Akershus, Hedmark og Oppland.
I ulykkene der føraren køyrde ein 1985-modell, mista 10 prosent av førarane og passasjerane livet eller vart alvorleg skadde. I ulykker med 2013-modellar var det 4 prosent som døydde eller vart hardt skadde.
– Vi ser ein klar samanheng der risikoen for å bli alvorleg skadd eller miste livet aukar jo eldre bilen er, seier leiar av ulykkesanalysegruppa i Region aust, Magnus Larsson.
Auka passiv sikkerheit som kollisjonsputer, betre innvendig polstring, stivare konstruksjonsramme, betre tryggingsbjelkar og veltebøylar gjer moderne bilar sikrare enn eldre bilar, fastslår vegstellet. (©NPK)