Klargjør siden...

Eldre bilistar får invitasjon til oppfriskingskurs

(NPK-NTB): Statens vegvesen skal invitere 50.000 bilistar på oppfriskingskurs. Torsdag går dei første breva ut til dei som fyller 70 i år.

Målet med kurset er å tilføre dei eldre bilførarane «kunnskap som gir auka sikkerheit i dei situasjonane der ein kan møte ekstra utfordringar», fortel Anne Karin Espeland. Ho er regionkontakt for Bilførar 65+ i Vegvesenet. Ho strekar under at ingen skal teste køyreeigenskapane eller kva deltakarane kan om trafikkreglane, og at ingen risikerer å bli fråtekne førarkortet.

– Dei som har vore på kurs, har gitt tilbakemeldingar om at det har vore nyttig å ta med seg vidare, seier Espeland. Ho legg til at kurset har ei førebyggjande effekt, og at forsking viser lågare risiko etter å ha gjennomført kurset.

– Statens vegvesen jobbar med trafikksikkerheit kvar dag, og sjølvsagt er vi opptekne av dei eldre også. Vi ønskjer derfor at dei skal vere aktive og ha gleda av å køyre bil på ein trygg måte så lenge som mogleg.

Utsendinga av brev til 70-åringane vil halde fram kvar månad utover hausten og vinteren. (©NPK)

Annonse