Annonse
Annonse
Annonse

Elev i Trollhättan: – Trudde det var ein spøk

(NPK-NTB-TT): Fleire elevar trudde først det var ein spøk då ein maskert mann dukka opp med sverd på ein skule i Trollhättan, fortel ein elev.

Annonse

– Då vi først såg han, trudde vi det var ein spøk. Han hadde maske og svarte klede og eit langt sverd. Det var elevar som ville ta bilete av han og kjenne på sverdet, seier ein elev ved Kronan skole til SVT.

Han flykta inn i eit klasserom då han skjønte kva som var i ferd med å skje.

– Det er kaos, seier eleven om situasjonen.

Ein lærer vart drepen, mens to elevar og ein annan lærar er skadde.

Gjerningspersonen, ein mann i 20-åra, vart skoten av politiet og blir behandla på sjukehus. (©NPK)