Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Eliteseriekampen på tysdag i innebandy mellom Akerselva og Tunet er utsett som følgje av koronasmitte, melder Noregs Bandyforbund.
sjur.natvig@ntb.no/kjell.asmund.sunde@npk.no
Publisert: 14.09.2021 kl 19:02
Måndag ettermiddag vart det klart at ein Tunet-spelar har testa positivt på viruset.
Forbundet opplyser i ei pressemelding at ein etter ei heilskapsvurdering og på bakgrunn av ein risikoanalyse har teke avgjerda om utsetjing. Situasjonen blir karakterisert som noko uoversiktleg ut frå tidsperspektivet frå påvist smitte til kampen.
Eliteserien til mennene i innebandy vart innleidd sist helg. Tunet slo Gjelleråsen 7–2 i opningskampen sin.
Det er tett kampprogram i tida som kjem, men forbundet opplyser at ein i samarbeid med dei to laga vil finne ein ny eigna dato for den utsette kampen.
(©NPK)
Eliteseriekampen i innebandy mellom Akerselva og Tunet tysdag blei utsett på grunn av eit smittetilfelle hos gjestene. Foto: Terje Pedersen / NTB