Klargjør siden...

Elleve drepne i sjølvmordsangrep i Kabul

(NPK-NTB-AP): Elleve personar er drepne av ei sjølvmordsbombe i Afghanistans hovudstad Kabul, opplyser afghanske styresmakter og FN-kjelder i byen.

Bomba ramma ein minibuss som frakta tilsette i det afghanske rettsstellet. Angriparen kom til fots og utløyste eksplosiva då han gjekk forbi køyretøyet, opplyser Najib Danish, talsmann i innanriksdepartementet.

Både domstolstilsette og sivile er blant offera, ifølgje Danish, som også opplyser at fire menneske vart såra.

Berre ein times tid etter angrepet onsdag morgon tok Taliban på seg ansvaret for angrepet. Ifølgje Talibans talsmann Zabihullah Mujahid var angrepet ei hemn for «drapet på seks uskuldige fangar i Kabul».

Mujahid siktar til seks Taliban-medlemmer som vart avretta i eit fengsel i Kabul tidlegare i mai etter å ha blitt dømt for terrorisme. Det var dei første avrettingane som vart godkjende av Afghanistans president Ashraf Ghani etter at han vart leiar i 2014. (©NPK)

Annonse