Klargjør siden...

Elleve vektløftarar mister medaljane frå Beijing-OL

(NPK-NTB-AP): Elleve vektløftarar mister medaljane sine frå Beijing-OL i 2008 på grunn av doping. Tre av dei tok gull.

Det internasjonale vektløftarforbundet (IWF) opplyste onsdag at dei elleve utøvarane har testa positivt på fleire ulovlege stoff etter at prøvene frå Beijing er testa på nytt.

Dei kinesiske gullmedaljevinnarane Cao Lei, Liu Chunhong og Chen Xiexia testa positivt for veksthormonet GHRP-2, skriv AP.

Cao Lei tok gull i 76-kilosklassen for kvinner med 282 kilo, langt framfor sølvvinnar Alla Vazjenina frå Kasakhstan. Chunhong sette på si side verdsrekord i 69-kilosklassen med 286 kilo. Ho slo russiske Oxana Slivenko, som blei nummer to, med heile 31 kilo.

Xiexia var òg overlegen i si klasse (48 kilo). Ho løfta 212 kilo, 13 kilo meir enn Sibel Özkan frå Tyrkia.

Dei åtte andre vektløftarane som mister medaljane, er frå Russland, Kasakhstan, Aserbajdsjan, Ukraina og Kviterussland. Mellom andre er verdsrekordhaldaren Andrej Rybakov frå Kviterussland avslørt. Han tok sølv i Beijing i 2008.

Avsløringane onsdag er dei siste i ein lang rekkje dopingavsløringar frå Beijing-OL i 2008 og London-OL fire år seinare. (©NPK)

Annonse