Elverum sikra seg fransk superstjerne: – Historisk signering i norsk handball

Luc Abalo, som har teke åtte meisterskapsgull med Frankrike, skal kommande sesong spele handball for Elverum. Han kjem frå Paris Saint-Germain.

– Eg valde Elverum sjølv om andre klubbar har kontakta meg. Klubbleiinga overtydde meg om det sportslege prosjektet, seier Abalo i ei pressemelding frå klubben.

Den tidlegare Paris Saint-Germain-spelaren trekker fram meisterligakampen han spelte mot Elverum for 12.377 tilskodarar i Håkons Hall som ein av grunnane til at han reiser til Noreg.

– Atmosfæren, iveren frå dei norske supporterane og velkomsten vi fekk, hjelpte meg i vurderinga. Det er slike augneblinkar eg ønskjer å oppleve på ny, seier 35-åringen og understrekar at ambisjonane framleis er store. Det er eit mål for han å spele for Frankrike i OL neste sommar.

Sprøtt og uverkeleg

I Elverum er dei strålande fornøgd med å ha sikra ein eittårsavtale med Abalo.

– Dette er sprøtt og heilt enormt for oss. Det er den største spelarovergangen i norsk handball nokon gong, det er eg sikker på, seier sportssjef Nils Kristian Myhre til TV 2.

Kanalens handballekspert Bent Svele seier han ikkje imot.

– Det er uverkeleg. Eg trudde ikkje det var mogleg å hente ein slik kapasitet til norsk klubbhandball. Dette er i særklasse tidenes signering i Noreg. Han er ei verdsstjerne, og det blir ein fest å få ein slik spelar til Noreg, seier Svele til TV 2.

Sjuk signering

Abalo har 262 landskampar for Frankrike og har vunne 12 medaljar, mellom dei åtte gull til saman i OL (2), VM (3) og EM (3). Han har spelt for PSG i åtte sesongar, dei tre siste saman med Sander Sagosen.

– Ei rimeleg sjuk signering, seier Sagosen til TV 2.

Abalo hadde tenkt å avslutte karrieren med OL i sommar, men satsar eitt år til fordi leikane vart utsette. PSG hadde allereie funne erstattaren hans i Ferran Sole, og dermed måtte han søkje ein ny klubb.

(©NPK)

Luc Abalo i aksjon for Frankrikes landslag. Kommande sesong spelar han for Elverum. Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix