Klargjør siden...

EM-gull i skyting til junioren Jenny Tovseth Vatne

(NPK-NTB): Jenny Tovseth Vatne frå Skarnes i Hedmark vann gull i junior-EM på 50 meter liggjande rifleskyting i Tallinn onsdag etter imponerande skyting.

– Det var litt varierande vindforhold, så eg jobba godt heile vegen. Nå kjennest det fantastisk å stå her med gull rundt halsen. Eg er fornøgd, stolt og glad, sa Tovseth Vatne etter at ho hadde tatt imot gullmedaljen.

– Ho er tolmodig og flink i dag. Banen her i Tallinn er open og utsett for vind, og derfor er det imponerande at ho skyt 620 poeng under slike forhold i eit EM. Ein stor prestasjon, sa juniorlandslagstrenar på rifle Arne Morten Nyfløt.

Tovseth Vatne er tidlegare juniorverdsmeister på lag i den same øvinga frå VM i Spania i 2014. (©NPK)

Annonse