Annonse

EM: Lett siger for Frankrike

Frankrike hadde kontroll på Kviterussland og går vidare i handball-EM med maksimal poengscore frå Noregs gruppe. Franskmennene vann 32-25 tysdag.

Det gjer at Frankrike tar med seg fire poeng til hovudrunden i Zagreb. Det er eit perfekt utgangspunkt før dei tre kampane der.

Keeper Vincent Gérard spelte ein god kamp mot kviterussarane. Blant anna redda han alle dei tre straffene Kviterussland fekk i 1.-omgangen.

Frankrike vann VM i fjor etter finalesiger over Noreg.

(©NPK)

Nikola Karabatic jublar etter scoring mot Kviterussland i EM-kampen i handball tysdag. Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix