Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB-TT): Ingenting tyder på at HPV-vaksinen forårsakar syndroma POTS eller CRPS, konstaterer den europeiske legemiddelmyndigheita EMA.
npk@npk.no
Publisert: 05.11.2015 kl 17:03
Tidlegare i år slo danske styresmakter alarm etter at eit 50-tal jenter hadde blitt råka av POTS og CRPS etter å ha fått vaksine mot HPV-infeksjon. Det fekk EMA til å granske saka.
POTs er eit syndrom som kan gi hjarteklapp, svimring og medvitsløyse, medan CRPS medfører ein kronisk smertetilstand. Men det finst ingen haldepunkt for at vaksinane har noko å gjere med utviklinga av desse syndroma, konkluderer EMA etter å ha undersøkt saka i fleire månader. EMA påpeiker at førekomsten av dei aktuelle syndroma blant dei vaksinerte er normal i den aktuelle aldersgruppa.
HPV-infeksjon er den vanlegaste seksuelt overførbare infeksjonen i verda, og cirka 70 prosent av oss blir smitta ein eller annan gong i livet. Målet med vaksinen er å beskytte jenter mot dei to HPV-typane som oftast er årsak til livmorhalskreft.
I Noreg vart HPV-vaksine innført i barnevaksinasjonsprogrammet for jenter i 7. klasse i 2009. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.