Klargjør siden...

Endå ei nysignering til Nottingham Forest

Premier League-klubben Nottingham Forest verkar ustoppeleg etter lengten sin etter nytt blod. Willy Boly er siste tilskot.

Forsvarsspelaren blir henta frå PL-rival Wolverhampton, opplyser den nyopprykte klubben.

Nottingham Forest har sidan starten av sesongen 2021/22 brukt til saman 55 spelarar i dei ulike seriane og cupane.

Ifølgje diverse medium har Nottingham Forest betalt rundt 20 millionar kroner for ivorianaren Boly, ein sum som med tida kan stige til 50 millionar kroner. Boly skifta frå Porto til Wolverhampton i 2018.

Nottingham Forest-manager Steve Cooper har henta 19 nye spelarar til klubben sidan i sommar.

(©NPK)

Nottingham Forest-hovudtrenar Steve Cooper har sikra seg endå ein spelar. Foto: Dave Thompson / AP / NTB

Annonse