Annonse

Endå ein Atlético Madrid-spelar koronasmitta

Midtstopparen Jose María Giménez (25) har fått påvist koronavirus. Han er den sjette Atlético Madrid-spelaren som blir smitta av viruset.

Atlético Madrid opplyser på nettstaden sin at alle førstelagsspelarane og -trenarane vart testa måndag, og at prøva til Giménez var positiv.

Dermed er uruguayanaren plassert i heimeisolasjon i tråd med smittevernreglane i spanske La Liga.

Covid-19-protokollen seier òg at trening må skje individuelt for dei som har vore i kontakt med ein smitta person, og dermed kan ikkje Atléticos trena saman neste treningsøkt.

Hovudtrenaren til Madrid-klubben, Diego Simeone, fekk påvist koronasmitte tidlegare i månaden. Tidlegare har òg Renan Lodi, Sime Vrsaljko, Ángel Correa, Diego Costa og Santiago Arias vore smitta av viruset.

Atlético skal etter planen opne sesongen heime mot Granada kommande helg.

(©NPK)

Jose María Gimenez er den sjette Atlético Madrid-spelaren som blir smitta av koronaviruset. Foto: Claude Paris / AP / NTB scanpix