Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Politiet i Bergen har arrestert endå ein person etter at ei kvinne og ein mann vart funne døde ved Osavatnet måndag. Dermed er tre personar arresterte.
innenriks.vaktsjef@ntb.no/hakon.remoy@npk.no
Publisert: 14.01.2020 kl 14:36
Politiet veit framleis ikkje kvar mannen og kvinna vart drepne, men dei stadfestar i ei pressemelding tysdag ettermiddag at dei held på med undersøkingar ved eit hospits i Møllendalsveien.
Ved Osavatnet reknar politiet med å bli ferdig med undersøkingane tysdag ettermiddag.
Politiet har sperra av området rundt eit hospits i Bergen og stadfestar at dette er ein del av drapsetterforskinga etter at ei kvinne og ein mann vart funne døde ved Osavatnet. Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix