Klargjør siden...
Annonse

Endå ein rigg skal avslutte arbeidet i Nordsjøen

(NPK-NTB): Jack up-riggen Rowan Gorilla VI avsluttar kontrakten i Nordsjøen eitt år før tida, ifølgje Offshore.no. Det er uvisst kor mange tilsette som blir berørte.

Selskapet som leiger riggen, ConocoPhillips, skal ha valt å terminere riggen eitt år før tida, skriv nettstaden. Riggen hadde opphavleg kontrakt til mars 2018 med ei forventning til opptening av 1,3 milliardar kroner.

– Med ingen umiddelbare moglegheiter for kontraktar, vil talet på riggar vi opererer i Noreg bli redusert frå to til ein rundt november/desember avhengig av ferdigstillinga av ein brønn som går føre seg, kjem fram det i interninformasjon sendt til tilsette i Rowan i Noreg onsdag.

Det er framleis usikkert kor mange som vil miste jobben på grunn av termineringa.

– Fagforeininga og Rowan er einige om at prosessen vil bli utført med den respekt og omtanke som den fortener, i samsvar med relevante lover og reglar. Vårt mål er å minimere stresset for dei som blir berørte, heiter det i informasjonen gitt til dei tilsette. (©NPK)

Annonse