Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Glitre Energi og Agder Energi slår seg saman. Det nye selskapet får namnet Å Energi.
Publisert: 24.10.2022 kl 11:45
– Namnet speler både på opphavet vårt frå vasskrafta og sjølve bokstaven å som ein del av det særnorske språket, seier konsernsjef Steffen Syvertsen.
Namnet gjeld formelt frå tidspunkt for gjennomføring av fusjonen, som er venta i desember.
– Vi i Å Energi skal bidra til utvikling av ny industri og arbeidsplassar i Buskerud og Agder. Vi skal ha ei viktig rolle i norsk og nordisk kraftforsyning og vil vekse vidare gjennom utvikling av eiga verksemd, seier Syvertsen.
(©NPK)
Glitre Energi og Agder Energi slår seg saman. Dei har valt Å Energi som namn på det nye selskapet. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB
Artikkelen fortsetter etter annonsen.