Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Åttedelsfinalen mellom England og Senegal i VM er den mest sette kampen i Noreg så langt. Oppgjeret hadde eit snitt på 536.000 sjåarar.
Publisert: 05.12.2022 kl 13:22
Nettstaden Kampanje skriv at 3-0-sigeren til England søndag hadde ein andel på 43,8 prosent av alle sjåarane mellom ti og 79 år. På det meste var 624.000 innom kampen.
Opningskampen i VM mellom Ecuador og Qatar trekte 235.000 sjåarar.
TV 2s sportsredaktør Vegard Jansen Hagen seier at sjåartala har vore lågare i gruppespelet enn i tidlegare meisterskap.
– Samtidig ser vi på enkeltkampar at interessa ligg der og kjem tydeleg til uttrykk når dei store laga spelar på attraktive tidspunkt. Det gir grunnlag for optimisme for sjåartala når oppgjera blir stadig større og meir står på spel, seier Jansen Hagen.
(©NPK)
Phil Foden, Harry Kane og Bukayo Saka hadde god kontroll mot Senegal søndag. Foto: Manu Fernandez / AP / NTB