Annonse

England med solid 6–2-siger i VM-starten mot Iran

England var minst eitt nummer for store då Iran vart køyrt over med 6–2 i den første VM-kampen til laga i gruppe B. England fekk ein forrykande start.

Mål frå Jude Bellingham, Bukayo Saka og Raheem Sterling før pause gjorde at Gareth Southgates mannskap kunne senke skuldrene og kontrollere inn ein solid og ikkje minst venta siger over Iran.

Saka auka til 4–0 etter vel ein time på eit langskot. Iran reduserte ved Mehdi Taremi. Innbytar Marcus Rashford sette 5–1 etter 72 minutt, medan Jack Grealish auka til 6–1 heilt mot slutten av kampen.

Ti minutt på overtid fekk Iran tildelt eit straffespark, som Mehdi Taremi sette til venstre for Jordan Pickford.

Kampen vart spelt på Khalifa stadion i Al Rayyan.

Før kampen var mange spente på om kaptein Harry Kane ville stille med det mykje omtalte Onelove-kapteinsbindet i regnbogefargar.

Det vart derimot ikkje noko av etter at sju av VM-nasjonane England, Wales, Belgia, Danmark, Tyskland, Nederland og Sveits gjekk ut med ein felles uttale om at dei droppa å bruke dette kapteinsbindet under fotball-VM i frykt for sportslege konsekvensar.

Engelskmennene hadde vorte samde om å knele før kampen. Knelinga er ei markering for rettane til dei svarte. Iranarane markerte på si side med ein stille protest mot dei iranske styresmaktene ved å la vere å syngje med under avspelinga av nasjonalsongen før kampen.

(©NPK)

Englands kaptein Harry Kane iført Fifas kapteinsbind under VM-kampen mot Iran. Foto: Martin Meissner NTB / AP

Annonse