England-sjefen forsvarer Maguire

Harry Maguire må tole endå ein runde med kritikk etter svakt spel i Englands 3-3-kamp mot Tyskland, men midtstopparen har framleis tillit hos landslagssjefen.

To av dei engelske baklengsmåla kom etter elendige involveringar frå Maguire. Først lét han seg lure av stortalentet Jamal Musiala og laga eit klønete straffespark. Seinare mista han ballen høgt i banen i forkant av Tysklands 2-0-skåring.

England greidde å snu det til 3-2, men Kai Havertz sikra ei sein utlikning på Wembley. Etterpå vart likevel Maguire eit stort tema. Mange spør seg om han kan vere fast i Gareth Southgates startellevar i VM.

– Eg veit godt at alle rettar auga mot Harry, men han hadde nokre store stunder der han leverte i dei to siste kampane, sa Englands landslagssjef og la til:

– Det vil alltid vekke debatt, men eg trur at vi i desse tider må støtte våre beste og mest erfarne spelarar, med mindre vi er i ein situasjon der det er nærast uforsvarleg og umogleg å velje dei.

Maguire var blant Englands viktigaste spelarar på vegen mot VM-semifinalen i 2018 og EM-finalen i 2021, men det siste året har populariteten dalt dramatisk i takt med stadige svake kampar for Manchester United.

Denne sesongen har han mista sin faste plass på klubblaget. Måndag opplevde Maguire igjen at England-fansen bua då namnet hans vart lese opp over høgtalaranlegget.

(©NPK)

Harry Maguire laga eit klønete straffespark i ein duell med Jamal Musiala i Englands 3-3-kamp mot Tyskland. Foto: Kirsty Wigglesworth / AP / NTB

Annonse