Klargjør siden...
Annonse

Enova gir milliardstøtte til hydrogenprosjekt

Hydrogenprosjekt i maritim sektor får til saman 1,12 milliardar i støtte av Enova.

Enova gir 669 millionar kroner i støtte til etableringa av fem produksjonsanlegg for fornybart hydrogen langs norskekysten. I tillegg får sju hydrogen- og ammoniakkdrivne skip 451,3 millionar kroner i støtte, skriv Enova i ei pressemelding.

Selskapet meiner hydrogen kan bli ei sentral klimaløysing i morgondagens Noreg, og at dette gjeld spesielt for maritim sektor og industrien.

– Lykkast vi her, vil Noreg styrkje sin posisjon som ei drivkraft for utsleppsfrie løysingar i skipsfarten, seier Nils Kristian Nakstad, administrerande direktør i Enova.

Dei fem produksjonsanlegga vil også kunne levere drivstoff til dei hydrogendrivne skipa, som også har fått støtte i denne tildelinga, forklarer Nakstad.

– Desse skipa er blant dei første i verda til å nytte hydrogen til framdrift, og knutepunkta som no blir støtta av Enova, vil sørgje for at drivstoffet blir tilgjengeleg for dei. Til saman vil knutepunkta ha ein kapasitet til å levere hydrogen til mellom 35 og 40 fartøy.

(©NPK)

Enova støttar hydrogenprosjekt i maritim sektor med 1,12 milliardar kroner, fortel administrerande direktør Nils Kristian Nakstad. Foto: Vidar Ruud / NTB