Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Equinor-sjef Anders Opedal gjer det klart at selskapet framleis skal leggje ned gasskraftverket på Mongstad, trass den vanskelege energisituasjonen.
vaktsjef@ntb.no/paula.jee.ullaland@npk.no
Publisert: 27.07.2022 kl 11:04
Sist oppdatert: 27.07.2022 kl 15:18
Olje- og energiminister Terje Lien Aasland (Ap) seier regjeringa ikkje har bestemt seg for om ein skal gi Equinor kompensasjon for å drifte kraftverket vidare.
– Det er viktig at vi ikkje tek forhasta avgjerder. Eg vil derfor vente kva på som kjem ut av utgreiinga til Statnett, seier Aasland til NTB.
Aasland stadfestar likevel at Statnett er bede om å vurdere stansing av nedlegginga av Mongstad som eit såkalla saks-tiltak. Saks er ei forkorting for svært anstrengde kraftsituasjonar.
Gasskraftverket på Mongstad skal i utgangspunktet leggjast ned i august.
– Det er eit kraftverk som ikkje er lønnsamt å drifte og ha som beredskap, og det har vore kjent i mange år at det skal leggjast ned, seier Opedal til NTB.
Han legg til at Equinor har spurt om det er nokon som ønskjer å ta den økonomiske byrda av å drifte kraftverket som reserveløysing, utan å ha fått svar.
Tysdag bad Frp-leiar Sylvi Listhaug, fylkesordførar Jon Askeland (Sp) i Vestland og ei rekkje lokale næringslivstoppar om at regjeringa stansar nedlegginga av gasskraftverket i Nordhordland. Også Statnett har bede Equinor om å behalde kraftverket, som har vore i drift sidan 2010, noko selskapet avviste i byrjinga av juli.
– Det har vore kjent for alle aktørar i marknaden at dette vil skje. Eg trur ikkje Equinor skal vere den som sikrar og betaler for backup for norsk produksjon, seier Opedal.
(©NPK)
Konsernsjef Anders Opedal under Equinors presentasjon av kvartalsresultat på Equinors kontor på Fornebu. Foto: Trond Reidar Teigen / NTB / NPK